Idrettsarrangementer fram til 15.juni avlyst – også 15-stafetten og KVM
Kulturminister Abid Raja sa tirsdag at alle idrettsarrangementer fram til 15.juni er avlyst. Dermed kan ikke 15-stafetten og Knut Valstads minneløp, som skulle vært arrangert 6. og 7.juni, bli arrangert på planlagt dato. Styret ser på muligheten for å arrangere i alle fall KVM på høsten, dersom mulighetene tilsier det. Resten av sommeren vurderes første uke i mai, men slik det ser ut nå, blir den tidligst mulige sesongstarten i Akershus og Oslo Romeriksløpet 20.juni.
Raja sa blant annet dette:
“Forbodet mot større folkemengder for å avgrense spreiinga av koronaviruset, har gjort at sommarens festivalar har levd i uvisse. No varslar kulturminister Abid Raja at alle festivalar og idrettsarrangement som skulle gått av stabelen før 15. juni, blir avlyst for å avgrense spreiing.
– Og så gjer vi ei ny vurdering for resten av sommaren seinast første veka i mai.
Mange må difor framleis leve i uvisse nokre veker til, men Raja seier det er viktig at alle arrangørane får ei avklaring så snart som råd.
– For å skape føreseielegheit, er det viktig for oss å kome med ei avklaring tidleg.
Grunnlaget for å vidareføre forbodet mot idretts- og kulturarrangement er dei generelle helseråda om å halde minst to meter avstand og ikkje vere meir enn fem personar i ei gruppe, seier Raja.
– Det er smittevernet som er det avgjerande. Det er viktig at vi tek vare på liv og helse til folk, og at vi ikkje bidreg til å spreie smitte.
Det betyr alt frå små konsertar til store musikkfestivalar og idrettsarrangement som skulle ha vore arrangert på forsommaren, no må avlyse.”
Hele saken her: https://www.nrk.no/kultur/fleire-norske-festivalar-og-idrettsarrangement-blir-avlyst-1.14976666